Saman for ei levande bygd
Stanghelle LivOGLyst
Eit lokalt initiativ, støtta av Vestland Fylkeskommune.
Stanghelle er ein veldig god plass å bu, men me trur det kan bli enda betre. No inviterer me heile bygda til å vere med å forme vegen vidare.
Kva tenkjer du som bur på Stanghelle i dag? Kva treng du for å ha det bra her? Kva tilbod, område, aktivitet eller bygg manglar i bygda, og kva vil du ha meir av?
Det tek berre nokre minutt å dele tankane dine, men kan bety mykje for framtida til bygda vår!
Bli med å skap framtida på Stanghelle
kva er livoglyst?
LivOGLyst er eit program for innbyggjarar i Vestland fylke som vil styrkje trivsel, fellesskap og aktivitet der dei bur. Programmet gir både kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og lokale tiltak.
Prosjekta startar alltid med eit forprosjekt. Forprosjektet får eit tilskot på 80 000 kr i støtte til å få folk med, skape engasjement, få fram idear og teste dei ut. Første året handlar det ikkje om å ha ei løysing klar - men å samle folk og å finne ut kva dei har lyst til.
Sjå informasjonsvideo om programmet under
prosjektgruppa
Bak LivOGLyst på Stanghelle står ei lita prosjektgruppe. Me har fått ansvar for å setja igang arbeidet, invitera folk med og skapa møteplassar der idéar kan koma frem. Prosjektgruppa består av Sigve Dyvik, Ingfrid Brattabø, Stefano Giusti, Ingvild Bjørneboe-Iversen og Mai-Britt Risnes Iversen.
Kort om oss: Me er ei gruppe sambygdingar som ønskjer å gjere noko positivt for Stanghelle.
Me gjer dette fordi me bryr oss om bygda og trur på det som kan skje når folk møtast og tek ein prat.
Me gler oss til å bli enda betre kjent med nye og gamle smabygdingar, lytte, samle og bidra der me kan. Men det er de som bur her som formar kva dette blir.
arrangementer
-

idéverkstad
Søndag 31. mai
kl 14.00 - 17.00Me inviterer heile Stanghellebygda, både små og store, til gratis middag og idéverkstad i gymsalen på Stanghelle skule.
Her deler me det som har kome inn av svar og idéar og tek neste steg saman. Dette blir ein dag for gode samtalar og konkrete tankar om framtida til Stanghelle
Velkomen til deg som er nyinnflyttar eller erkebygding, nysgjerrig eller skeptisk, kreativ eller ikkje-så-kreativ - Me treng alle på laget! Sjølv du som ikkje trur du har noko å bidra med - det er di bygd òg, og dine behov og tankar er like viktige som alle andre sine!
ta kontakt med oss
Har du tankar, idéar eller innspel?
Ta kontakt, me vil gjerne høyre frå deg.
Plakatverkstad barnehage, skule og ungdomsgruppa
Gjennom plakatverkstadene i barnehagen, skulen og ungdomsgruppa har me fått inn mange gode idéar og tankar frå barn og unge på Stanghelle. Engasjementet har vore stort, og det er tydeleg at mange bryr seg om bygda si og har tankar om kva som kan gjere ho endå betre. Me gler oss til å dele alt saman med dykk på idéverkstaden 31. mai.
Her ser dykk eit lite bildeglimt frå plakatverkstadene

