Saman for ei levande bygd

Stanghelle LivOGLyst

Eit lokalt initiativ, støtta av Vestland Fylkeskommune.

Stanghelle er ein veldig god plass å bu, men me trur det kan bli enda betre. No inviterer me heile bygda til å vere med å forme vegen vidare.

Kva tenkjer du som bur på Stanghelle i dag? Kva treng du for å ha det bra her? Kva tilbod, område, aktivitet eller bygg manglar i bygda, og kva vil du ha meir av?

Bli med å skap framtida på Stanghelle

kva er livoglyst?

LivOGLyst er eit program for innbyggjarar i Vestland fylke som vil styrkje trivsel, fellesskap og aktivitet der dei bur. Programmet gir både kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og lokale tiltak.

Prosjekta startar alltid med eit forprosjekt. Forprosjektet får eit tilskot på 80 000 kr i støtte til å få folk med, skape engasjement, få fram idear og teste dei ut. Første året handlar det ikkje om å ha ei løysing klar - men å samle folk og å finne ut kva dei har lyst til. 

Sjå informasjonsvideo om programmet under

prosjektgruppa

Bak LivOGLyst på Stanghelle står ei lita prosjektgruppe. Me har fått ansvar for å setja igang arbeidet, invitera folk med og skapa møteplassar der idéar kan koma frem. Prosjektgruppa består av Sigve Dyvik, Ingfrid Brattabø, Stefano Giusti, Ingvild Bjørneboe-Iversen og Mai-Britt Risnes Iversen.

Kort om oss: Me er ei gruppe sambygdingar som ønskjer å gjere noko positivt for Stanghelle.

Me gjer dette fordi me bryr oss om bygda og trur på det som kan skje når folk møtast og tek ein prat.

Me gler oss til å bli enda betre kjent med nye og gamle smabygdingar, lytte, samle og bidra der me kan. Men det er de som bur her som formar kva dette blir.

idéverkstad 31.05.26

Over 100 samla seg til idéverkstad på Stanghelle

Sundag 31. mai vart gymsalen på Stanghelle skule fylt av idéar og gode samtalar då LivOGLyst Stanghelle inviterte til idéverkstad for heile bygda.

Over 100 personar møtte opp for å dele tankar om korleis me kan utvikle Stanghelle vidare som ein god stad å bu, vekse opp og bli gammal. Gjennom heile ettermiddagen var det stort engasjement, og det var inspirerande å sjå kor mange som ønskjer å bidra til framtida for bygda.

Gjennom mai har innbyggjarar på Stanghelle, Helle og Fossmark delt tankar, ønskje og idéar gjennom spørjeundersøking og plakatverkstad. Til saman kom det inn 133 svar på spørjeundersøkinga, og funna vart presenterte under arrangementet. Resultata viser både kva folk set pris på ved bygda i dag, og kva dei ønskjer meir av i framtida.

Dagen baud på presentasjonar frå barnehagen, skulen og ungdomsgruppa, som delte sine perspektiv på bygda. Me fekk også høyre frå fleire av dei frivillige organisasjonane som kvar dag skaper aktivitetar, møteplassar og fellesskap for innbyggjarane.

Mellom innslaga vart det servert middag frå Naboen Catering, og praten gjekk livleg rundt borda. Det var ekstra kjekt å sjå at alle generasjonar var representerte, frå dei yngste til dei eldste i bygda.

Mot slutten av dagen leia Ingrid frå LivOGLyst Vestland deltakarane gjennom splotting og gruppearbeid. Rundt borda vaks det fram ei rekkje idéar og initiativ, og mange fann saman i grupper som ønskjer å arbeide vidare med konkrete forslag.

Arrangementet viste tydeleg at det finst eit stort engasjement for Stanghelle. Mange ønskjer fleire møteplassar, aktivitetar og tiltak som kan bidra til eit levande lokalsamfunn, og ikkje minst ei bygd der folk trivst og kjenner tilhøyrsle.

Me gler oss til å dele meir frå prosessen vidare.

Funna frå spørjeundersøkinga finn du i lenka. Bilete Gitte Boge tok frå dagen ligg også under.

Tusen takk til alle som møtte opp, delte tankar og gjorde dagen til ein stor suksess. Saman skaper me liv og lyst på Stanghelle!


ta kontakt med oss

Har du tankar, idéar eller innspel?
Ta kontakt, me vil gjerne høyre frå deg.

Plakatverkstad barnehage, skule og ungdomsgruppa

Gjennom plakatverkstadene i barnehagen, skulen og ungdomsgruppa har me fått inn mange gode idéar og tankar frå barn og unge på Stanghelle. Engasjementet har vore stort, og det er tydeleg at mange bryr seg om bygda si og har tankar om kva som kan gjere ho endå betre.

Her ser dykk eit lite bildeglimt frå plakatverkstadene